#trekkje
Explore tagged Tumblr posts
Text
#40 IT'S CALLED A HEART
A DM első ötéves korszakát lezáró kislemez címadó trekkje, ami hiába ment nagyot a közönségnél, a zenekarból többen, több helyen explicit undorral nyilatkoztak róla. Gore és Wilder a legutáltabb szerzeményükként említik, amiből csak azért lett A-oldal, mert valaki a Mute Recordsnál neccesnek érezte a Fly on the Windscreen „Death is everywhere...” sorával indítani a megjelenést. Az ment tehát a B-oldalra, a kétségkívül banális és catchy, de Mode klubokban való hajnali diszkózáshoz tökéletes It's Called a Heart pedig a címsorra. Új formátumként dupla 12 inchen is kiadták, bővített változatokkal, egy Gareth Jones által elkövetett és tényleg hallgathatatlan lassítással, és a Fly on the Windscreen az előzmények ismeretében igazán frappáns címre keresztelt Death Mixével. Képet csak erős idegzettel érdemes társítani mellé, már a korábban is súlyos dolgokat művelő Peter Care rendezte klip is meredek, az esztrádműsorokban lenyomott haknik viszont egészen gyalázatosak, élükön a francia TF1 stúdiójában előadott homo-bohóckodással.
youtube
0 notes
Photo
On the one hand, I’m not loving that this migraine day is keeping me from launching two new products (!!!), but on the other hand, I’m *finally* getting around to watching Discovery! ——————————————————————— Want to support my shop but not ready to commit to starting your Tribble family? Check out www.ko-fi.com/molly 😊 #startrekdiscovery #startrek #trekkje #trekker #startrekdsc #discovery #michaelburnham #startrekfan #startrekfandom #startrekkers #startrek💫 #startrekfans #🖖 #🖖🏿 #🖖🏾 #🖖🏽 #🖖🏼 #🖖🏻 (at South Philadelphia) https://www.instagram.com/p/Bs4a2fHAXcY/?utm_source=ig_tumblr_share&igshid=awmaf3zmbbg0
#startrekdiscovery#startrek#trekkje#trekker#startrekdsc#discovery#michaelburnham#startrekfan#startrekfandom#startrekkers#startrek💫#startrekfans#🖖#🖖🏿#🖖🏾#🖖🏽#🖖🏼#🖖🏻
0 notes
Text
Framtida til kj-lyden
Det norske språket forandrar seg heile tida. Nokre endringar er større enn andre. Ei endring som vart oppdaga på 70-talet i Bergen var at nokon hadde byrja å blande sj-lyden /ʃ/ og kj-lyden /ҫ/ (Mæhlum, Aksberg, Røyland & Sandøy, 2011). Denne språkendringa ser ut til å ha spreidd seg vidare til andre stader i landet. Sjølv om det har vore ein del språkendringar tidlegare, verkar det som om akkurat denne endringa skaper mykje irritasjon hjå fleire. Det er mange element som har hatt betyding for denne endringa, og eg ønskjer å trekkje fram ei av dei no.
For ei av årsakene til at denne endringa kan ha starta, er på grunn av den lydlege likskapen som er mellom sj-lyden og kj-lyden. For det ein kan sjå er at artikulasjonsstaden til dei to fonema ligg tett opp mot kvarandre. Kj-lyden blir forma i holrommet bak i munnen. Når ein uttalar fonemet vert derfor den bakre delen av tunga pressa opp mot ganen. Dette gjer at det kjem ein liten luftstraum ut, og dette blir kalla ein frikativ. Når ein ser på sj-lyden kan vi sjå at artikulasjonsstaden har vorte flytta noko lengre fram i holrommet som er i munnen. Når dette fonemet blir uttala vil derfor tunga heller ligg lengre opp mot gommen, som er bak den øvre tanngarden. Det kjem òg luftstraum ut av munnen når ein uttaler sj-lyden slik som kj-lyden, som vil seie at dei begge er frikativar (Nygård & Igland, 2017).
Det ein kan sjå er at dei to lydane faktisk ikkje er så ulike når det gjeld uttale. Derfor er det ein god grunn for at dei to lydane blir blanda saman. Det ligg naturleg i oss å uttale dei fonema som er lettast å seia, og når desse to lydane likevel er så like er det kanskje ikkje så rart at sj-lyden har teke over noko av plassen til kj-lyden. Ein kan verte sur for den endringa som skjer, men ein har hatt forandringar i språket over lang tid. Han som kjem no er ikkje noko unntak. Han er komen for å bli.
Kjeldeliste
-Mæhlum, B., Akselberg, G., Røyland U. & Sandøy, H. (2011) Språkmøte. Innføring i sosiolingvistikk. (2.utg.) Oslo: Cappelen Damm AS. -Nygård, M. (red.) & Igland, M.-A. (2017) Norsk 5-10. Språkboka. Oslo: Universitetsforlaget
Bilde henta frå: https://www.aftenposten.no/viten/i/J14O04/la-kj-lyden-doe-i-fred-nina-kristiansen
1 note
·
View note
Text
Ikkje tenk på det (Lovleg)
Luna stirar på dei gule, blå og grøne ballongane som forsvinn rundt hjørnet, og Gunnhild, som er gøymd innunder dei alle saman.
Synet går som ein elektrisk støyt gjennom Luna.
Kvifor er ho så opprørt? Ho visste jo at dette skulle skje, før eller seinare. Dei bor i det samme huset, sjølvsagt ville dei sjå kvarandre. Luna kan ikkje heilt presse vekk stikket i magen som minner henne på at Gunnhild hadde sett ut til å klare seg heilt fint, utan henne. Ho hadde ledd litt, til og med, medan det statiske håret hennar sto som ein kaotisk glorie rundt hovudet.
“Eg trudde du sa at ho likte meg veldig godt,” mumlar Luna.
“Men ho gjer jo det,” smiler Billie.
“Ho verker jo ikkje knust over at vi er over, akkurat.”
“Herregud, Luna. Det var du som slo opp. Er du ikkje nøgd no?”
Luna blunkar sakte. Ho veit at Billie spør for å gi henne eit lite stikk. Billie veit godt kor lite nøgd Luna er akkurat no.
Gunnhild hadde vore varm og skinnande som sola, og utan ho er livet er grått og trist, men slik får det berre vere.
“Kvifor slo du opp, igjen? Fordi Gunnhild sovna i senga di?”
Luna stønnar. “Kjeften. Eg bad om tid til å tenkje. Den gongen ho bad om tid, dukka eg ikkje berre opp på den måten? Kvifor kunne ho ikkje respektere det?”
“Var det ikkje berre ei misforståing? Noko med blomster?”
“Eg veit ikkje. Det var ein bukett i senga, som ho hadde funne, men den var ikkje frå meg. Og nei, eg veit ikkje kven den var frå. Eller til. Eg bryr meg ikkje.”
Billie ser på henne med denne roa i blikket som driv Luna frå vettet nokre gonger. “Kva var det som skjedde på den ferja, eigentleg?”
Luna trekkjer på skuldrene. Ho veit ikkje. Det vart berre for mykje, for intenst. Og ho fekk aldri sagt riktig kva ho meinte. At ho likte Gunnhild akkurat som ho var. At ho var lei seg for at ho aldri våga å seia til Gunnhild at ho ikkje skulle lese opp diktet med bandet. Men at det skremde livet av henne då Gunnhild berre stakk av. Forsvann.
“Det speler inga rolle,” mumlar Luna. Gunnhild er berre så mykje, nokre gonger. Ho er som eit fargerikt fyrverkeri med alle dei smarte ideane og dikta og fjella og ferja og dei kvelande varme foreldra og ballongane og… optimismen. Alltid denne optimismen.
Det var alt dette som gjorde at Luna falle så pladask, så klart. Det var alt dette som gjorde at Luna vart rive med og impulsiv og… Herregud, så forelska.
Luna burde ha visst at det ikkje var ein god idé å stupe inn i eit forhold med Gunnhild. Luna er jo ikkje så god på dette her. Ho visste det, ho veit det, men ho klarte ikkje å halde seg unna.
Luna veit godt at ho kan vera mykje, òg, på sin måte. Nokre gonger svenger kjenslene hennar og ho seier dumme ting som ho eigentleg ikkje meiner. Eller ho seier det kanskje sterkare enn ho meiner. Det er berre det at Gunnhild kjem så nær. Med varmen i blikket som blir for mykje. Og med spørsmåla, som om Luna aldri speglar seg i andre.
Alt vart for nære, for tett. Skremmande tett. Luna hadde visst at Gunnhild ein dag kom til å sjå henne på riktig, og sjå rett gjennom henne, og då… Luna orkar ikkje eingong å tenkje tanken ut. Betre å trekkje seg tilbake og stikka der det gjorde vondast, sånn at ho slepp å sjå kulda sive inn i auga til Gunnhild.
Dette er best, trass alt. Luna klarar seg. Ho har alltid klart seg åleine før. Ho er sjølvstendig og sterk og lever livet sitt som ho vil.
Men ballongane. Kva var det? Gunnhild hadde sett så livleg ut. Energisk. Det var tydeleg at ho hadde ein misjon. Noko å utrette.
“Ein avskjedsfest, liksom,” seier Luna og sukkar. “Alex kjem til å hata det.”
“Ja,” nikkar Billie. “Han gjer nok, det. Men der er jo ein fin idé, då.”
Ja, det er jo det. Gunnhild er eit oppkomme av slike gode idear. Ikkje at det vil hjelpe. Alex reiser. Alt er slutt. Det er ingen veg tilbake.
“Eg hatar at han berre stikk av sånn.”
“Ja, eg veit det.”
Luna lukkar auga ein augneblink. Noko klemmer til i magen, som sult, eller frykt.
Alle berre forsvinn ut av livet hennar. Gunnhild, Alex, og…
Ikkje tenk på det.
“Eg må spørje deg om ein ting,” seier Billie med eitt. “Har du tenkt på at Gunnhild kanskje kan vere ein sånn som blir, sjølv om ho innser du er ein heilt vanleg loser som oss alle andre? Ho er jo ikkje akkurat den dømmande typen, er ho vel?”
Luna opner auga og stirrar på Billie. “Ikkje dømmande? Ho sa at vi tenkte vi var kulare enn henne, og at vi lo av henne.”
“Ja, men det var jo berre fordi ho var usikker. Herregud, Luna, eg er framleis her og eg er den mest judgemental bitch du veit om. Kva får deg til å tru at Gunnhild er verre enn meg?”
Luna må le. Billie har jo eit poeng. Og likevel… Luna hadde føkka opp skikkeleg. Sagt at det berre var eit innfall. Gunnhild kunne vel aldri tilgi noko slikt?
“Det er for seint no, uansett.”
“Å, ja? Gjer som du vil, Luna. Eg veit kor viktig det er for deg å gjera som du vil.” Billie ser på henne og smiler, og herregud så irriterande det er når ho tar på seg den allvetande mina. “Men ikkje ver så sikker på at alt er for seint. Herregud, med det fyrverkeriet Gunnhild kan eg nestan tru at til og med Alex blir verande. Alt kan skje.”
Luna seier ingenting, men ho klamrar seg til orda og kjenner ein spire av noko som liknar mistenkeleg på håp.
#lovleg#luna#gunnhild#drabble/ficlet thing#skriblerier#ingen har lest dette#så eg er lei for alle feila#og det er seint#og eg burde ikkje poste det utan å ha lest korrektur#men skit i#eg måtte berre#eg tar gjerne imot kontstruktiv kritikk viss nokon ender opp med å lese dette#:)
16 notes
·
View notes
Photo
Én rap zenén nőttem fel. Faterom Ganxta Zolee-t, Belgát, Majkát, Dopemant, VSOP-t hallgatott régen az autóban, én meg csak bólogattam és kentem a szövegeket.
Amikor egyedül elkezdtem rap muzsikát hallgatni, nem tagadom, Anonim MC, Children of Distance, és minden ilyen mára már hallgathatatlanná vált zenét füleltem, hogy ne maradjak le semmiről.
Napról napra változik az ízlésem, de egy séma már megvan, tudom mit szeretek, tudom mi az, ami belefér legyen az battle rap, underground, vagy esetleg a mainstream kategória.
A Bloose Broavaz 13 éves korom óta, azaz 9 éve ütötte fel a fejét anno a telepen. Connectionstől a Jamaica homoka szólt, de Tibbah és Siska “Betiltva” trekkje mai napig szóról szóra megy, ekkor még a vulgaritás és az agresszió tűnt menőnek, mára már inkább a tartalmat keresem.
A Bloose tesók a kezdetekkor stabil helyet ástak maguknak bennem.
Később jött a DSP, Bom és Dipa arról rappelt, amit nap mint nap megéltem. Telep, spanok, dzsuva, cigi, lehúzások, idióta tagok, láncok. Tudod, telepi élet.
A fordulópont Tkyd volt. Szimbólumok, metaforák, alliterációk, keresztrímek, összevisszarímek, értelem, ész, stb… Kyd a newline, Kyd az oldschool, Kyd a battle, Kyd az eufória, Kyd egy más világ, Kyd a pápai Ó Uram, és Kyd a poéták prófétája.
Kollár Dániel Bloose Broavaz Dossziéja mindent időrendbe rak, mindent elrendez, formációkat, sztorikat, tagokat részletez és ismertet szabadnyelven, pont olyan nyersen ahogy azt te és én is olvasni akarjuk.
Bloose Broavaz for life, 20 éve Bloose Bro!
#bloose#broavaz#bloosebroavaz#siska#tkyd#tibbah#phat#cof#rydu#connections#dosszié#dosszie#bloosebroavazdosszie#bloosebroavazdosszié
3 notes
·
View notes
Photo
Brannsikring i heimen: når brannsikrarane i kjellaren kutter strømmen til ruteren, må ein redde seg med den skøyteleidninga ein har, sjølv om ein må trekkje ho frå kjellaren. Litt usikker på HMSen her. #måhanett #brannsikringforfaen #dårleghms #juletre #sikkertskaldetveresåfårdetberrevereubrukeleg (ved Rælingen)
0 notes