#lærar
Explore tagged Tumblr posts
tankesus-skriveprosjekt · 7 months ago
Text
Debatt om transseksualitet og kjønn: grunnlinja
For omtrent ein månad tilbake delte ein slektning av meg eit innlegg på facebook som kritiserte det at det blir lært om transseksualitet og kjønn på barneskulen. Det omhandla eit foredrag, men i innlegget var det òg linka til ei nettside som kritiserer dette ytterlegare. For å vere litt direkte, det som er skrevet i både innlegget og på nettsida er noko tøv. Det er ingenting anna enn transfobisk retorikk ompakka i "smarte" ord, bekymringar for born og "sjølvstendig forskning". Det gjer meg kvalm å sjå bekymringar for born bli brukt som eit skjold for å trakkasere retten transseksuelle har på det som er meint å vere så universelt: respekt og likeverd.
I respons til dette delte innlegget kom eg med ein motkommentar. I motkommentaren prøver eg å vere kort, tydeleg og konsis. Det er ein ting å diskutere ulike ting ved transseksualitet, som "kor ung skal nokon få vere før dei kan ta i bruk hormonblokkarar" eller "korleis organiserer ein sport på ein mest retterdig måte mogleg". Men når dei debattane blir teken opp frå eit standpunkt kvar det ikkje ein gong blir anerkjent at dei er vanlege folk på same måte som alle andre, så viser ein tydeleg at det ein eigentleg ynskjer er ikkje "rettferdig sport" eller "trygge born" men å diskreditere at transseskualitet er eit reelt faktum. Ein kvar sunn debatt om transseksuelle og kjønn må ha ei uunvikeleg grunnlinja: transseskualitet er eit reelt faktum og transseksuelle er vanlege folk som fortjener respekt og rettigheitar på lik linje med alle andre, og kjønn er ikkje spesifikt definert av underlivet; kjønn er delt biologisk og sosialt.
Under kan du lese svaret mitt til slektningen:
Nei, det tas ikkje feil om kjønn. Det blir òg feil å snakka om kjønn som 'ein' ting her, for det er det ikkje. Det er delt i to: 'biologisk kjønn' som er det du har i boksa og 'sosialt kjønn' som er korleis du sjølv og heile samfunnet oppfattar deg og ditt kjønn. Dette er ikkje noko oppdikta, det er realiteten ved korleis kjønn artar seg i samfunnet vårt.
I dag vil me i all hovudsak gå ut i frå at folk kjenner seg att i det same sosiale kjønnet som det biologiske kjønnet dei har, og i all hovudsak er det rimeleg å anta det. Det biologiske kjønnet mitt er mann, og det same er mitt sosiale kjønn. Men enkelte folk i samfunnet føler seg født i feil kropp, at deira biologiske kjønn ikkje kan foreinast med kva dei kjenner inni seg, det sosiale kjønnet. Dette er like legitimt som det å vere homofil, det er ikkje noko du sjølv bestemmer om du vil føle på, det er ein realitet ved din seksualitet og ditt kjønn. I dag kallast dette kjønnsinkongruens. Du kan prøva å ignorera/fortrenga det, gøyma deg for kjenslene dine, men det gjer ein berre deprimert. Difor er det så viktig at me som eit samfunn kan være opne mot desse folka og møte dei med same kjærleik og forståing som ein gjer med alle andre. Dei er òg menneske, dei fortener såpass.
Når ein då lærer om kjønn på barneskulen handlar ikkje det om at borna blir «indoktrinert» på noko vis, som nettsida i det delte innlegget seier. Det handlar enkelt og greitt om å lære borna at enkelte kjenner at dei er født i feil kropp, eller at dei ikkje kjenner seg att i det sosiale kjønnet folk bruker om dei. Dette gjer skulen/forlaga for å fortelje at transseksuelle og ikkje-binære etc. òg er menneske som har rett på det same som «vanlege folk». At dei òg er verdig kjærleik på same plan som andre, uansett om dei kjenner seg litt annleis på innsida.
Det er ingenting farleg med dette. Du blir ikkje muslim berre ved å lære om Islam i Krle på barneskulen. På same måte blir du ikkje homofil eller transseksuell om du lærar om at nokon likar det same kjønnet, eller føler seg som jente når dei var født gut, og at det går fint. Det einaste du lærer er likeverd over folk.
Når dette då blir framstilt som ein form for inndoktrinering gjer det ingenting anna enn å øydelegge for god debatt og forståing for reelle problem knyta til tema, og skadar blant anna transseksuelle sin moglegheit til å i det heile bli sitt på som menneske.
2 notes · View notes
alterlovleg · 6 years ago
Text
Tumblr media
"Ein kan ikkje elske andre før ein lærar seg å elske seg sjølv".
You can't love others before you learn to love yourself. 
Gunnhild, season 1.
24 notes · View notes
edinat17-blog · 5 years ago
Text
Lesestrategi
Tumblr media
Som lærar har ein eit ansvar for å læra elevane å lesa, men ein skal òg  læra elevane å lesa på ein meiningsfull måte. Det finst mange lesestrategiar som vil vere nyttige for elevane så dei kan bruka lesinga aktiv læring. I tillegg veks elevane opp i ein overvelda tekst-verda og det vil vere viktig at vi gir dei de nødvendige verktøya dei treng for å sortere seg fram. Ein ting er at dei sjølv vil få betra forståing av kva innhaldet er, men det gir òg moglegheit for å raskere finne fram til kva som kan vere nyttig i dei forskjellige tekstane.
Sjølv lærte eg ikkje gode lesestrategiar før eg var kommen på ungdomskulen. Den fortvilte kjensla av å ikkje forstå teksten ein las før ein kanskje hadde lest ho tre-fire gonger var vond. Derfor har eg eit ønske om å gi mine elevar den moglegheita til å starte vegen til gode lesestrategiar tidlegare. Det finst ein rekke strategiar, men ein av dei som eg synast var til god hjelp var «å stilla spørsmål».
Tidlegare har vi som lærarar tatt ansvar for kven for ein spørsmål som skal komma både medan ein les, men og i etterkant. Dette skal vi vera forsiktige med sidan vi då lagar eit fast mønster som gjer at elevane berre husker dei delane av teksten som dei trur vi som lærarar vil at dei skal hugsa.  
Derfor har vi eit ansvar for å læra elevane opp i lesestrategien «å stilla spørsmål» ved at dei sjølv skal stilla spørsmål undervegs til teksten dei lesar. Vi kan hjelpa dei på denne vegen ved å læra dei korleis spørsmål dei skal stilla. Det er fire overordna spørsmål ein kan bruke som er:
-  Informasjonsspørsmål (finne fram til informasjon i teksten) -  Refleksjonsspørsmål som utfordrar teksten (reflektera analytisk over innhaldet i teksten) -   Refleksjonsspørsmål med utgangspunkt i teksten (tolka og forstå teksten) -   Refleksjonsspørsmål for å vurdera teksten (reflektera kritisk over tekstens form eller innhald)
Å stille spørsmål til teksten kan kjennast noko unaturleg og førehandsbestemt når ein sitt og les. Fortvil ikkje, det kjennest betra og meir naturleg ut etter kvart. Dette er ein av dei lesestrategiane som er med på å gi elevane moglegheit til å overvake sin eiga lesing. Og elevar som føler meistring, gir elevar med motivasjon og glede.
Så steg 1 i riktig retning for god leseforståing: Still spørsmål til teksten!
Tumblr media
Kjelde:
- Kjelde: Roe, A. (2014). Lesestrategier (utgv.3), Lesedidaktikk (s.84-115). Universitetsforlaget.
Bilde henta frå: -https://mariaglu.wordpress.com/2013/10/09/viderekommen-lese-og-skriveopplaering-elever-med-lese-og-skrivevansker/ -https://toppasen.osloskolen.no/nyhetsarkiv/manglende-boker-pa-biblioteket/
1 note · View note
annatorvswife · 6 years ago
Note
💌 lykke til med å velge én ting
bicht hvem sa det måtte være bare én ting… vel originalposten sa kanskje det men har gått Rogue ikveld… vet ikke helt hvor jeg skal starte her heller så hmm… tove jansson, så meemin seff, kunst, plants, katt, hytta, hest, skog, fjell, telt, tøfler (ELSKER at dere deler ut tøfler når man kommer på besøk, blir varm i hjertet bare av å tenke på det 😭), SPRÅK, memes, peak humor, apropos peak… twink peeps, god seriesmak i wish i had, evne til å faktisk Se serier i wish i had, å være lærar, wholesomeness, #warmth… en spesifikk følelse av… hjem…? idk hvordan man kan forklare den men liksom… alle årene med friendship.. ti år... bananas!!!! så det er bare en iboende Ro og varme i bunn mmm takk for at du har holdt ut så lenge 😌🤝💖
5 notes · View notes
tyrala1 · 4 years ago
Text
Norwegian is horrible and confusing and a terrible language.
This is how we congugate: a teacher
My dialect: En lærer, lærern, lærera, læreran
Bokmål, a writing language: En lærer, læreren, lærere, lærerene
Nynorsk, the OTHER writing language: Ein lærar, læraren, læraran, lærarane
AND YOU ASK ME WHY I'M CONFUSED WITH LANGUAGES???
I ESSENTIALLY HAD TO LEARN 5 LANGUAGES IN MY LIFE.
3 OF WHICH ARE SIMILAR BUT SO VERY DIFFERENT.
0 notes
birkelandlinn-blog · 5 years ago
Text
Rettleidd skriving
Eit tema i NO-148 som interesserar meg, er det som omhandlar rettleidd skriving. Klæboe & Sjøhelle (2013, s. 27) definerer rettleidd skriving slik: «Veiledet skriving er å veilede eleven fram til økt skrivekompetanse og skriveglede». Vidare skriv dei at rettleidd skriving går ut på at «læreren aktivt gjennom dialog støtter eleven før, under og etter skrivingen».
Det er vanleg å ha stasjonsundervisning når ein gjennomfører rettleidd skriving, kor ein av stasjonane er lærarstyrt. Her arbeidar elevane tett saman med lærar og medelevar, og kan utvikla sin skrivedugleik i eit sosialt samspel. På denne måten kan eleven få støtte frå læraren og kreative innspel frå sine medelevar. Utgangspunktet for skrivinga er ofte ei felles oppleving, og denne opplevinga blir eit samtaletema på den lærarstyrte stasjonen. Etter ein samtale mellom lærar og elevar om den felles opplevinga, set elevane i gong med skrivinga. Når barn byrjar på skolen har dei ulik teksterfaring, og er dermed på ulikt nivå i skriveutviklinga. Enkelte set i gong utan særleg mykje hjelp, og andre elevar treng meir støtte. Som følgje av stasjonsarbeid i små grupper har læraren moglegheit til å gi god støtte til dei elevane som ikkje kan skrive. Noko som ofte blir gjort i slike tilfelle, er at eleven kjem med ei setning ut frå ein samtale med læraren. Vidare skriv læraren ned det eleven seier på ein lapp. Deretter gis lappen vidare til eleven slik at eleven kan kopiere det som står der.
Tumblr media
Heilt til slutt vil eg fortelje litt om kva eg synast er positivt og utfordrande ved rettleidd skriving. Først og fremst er det positivt at elevane får eit ferdig produkt med sin eigen meining. Sjølv om enkelte må kopiere det læraren har skrive, så kan det likevel gi eleven ein mestringsfølelse når dei ser at dei klarar å kopiere læraren. Dette kan vidare gi motivasjon til å utvikle skriveferdigheitene, og motivasjonen er viktig for den vidare utviklinga. Det eg trur kan vere utfordrande med rettleidd skriving går på dei elevane som har lite motivasjon som følgje av lite tru på seg sjølv. Korleis skal læraren få eleven til å skrive meir sjølv? Her blir det viktig å oppmuntre ved ros, og heile tida arbeide med motiverande tema.
Kjelder
Klæboe, G. & Sjøhelle, D. K. (2013). Veiledet lesing og skriving i begynneropplæringen. Latvia: Cappelen Damm Akademisk
Skrivesenteret. (2017, 11. janaur). Veiledet skriving med de yngste. Hentet fra http://www.skrivesenteret.no/ressurser/veiledet-skriving-med-de-yngste/
0 notes
mariannec97-blog · 5 years ago
Text
Erfaringar frå praksis
Denne hausten har eg vore tre veker i praksis på ein skule i Aust-Agder. Eg var saman med tre andre studentar i ei 3.klasse. I denne klassa hadde dei særleg fokus på stasjonsarbeid, og vi studentar fekk moglegheit til å gjennomføre varierte undervisningsopplegg for elevane.
Før praksisen fekk vi utdelt ei oppgåve som vi skulle gjennomføre i løpet av praksisperioden. Her skulle vi ta utgangspunkt i relevant faglitteratur om skrivedidaktikk, for så å bruke dette til å rettleie og støtte elevane i skriving av tekstar i norsk og andre fag. Vi skulle og ta utgangspunkt i forteljarkurset, der kvar student skulle fortelja en munnleg forteljing i klassa og deretter legga til rette for etterarbeid av forteljinga.
Eg valde å fortelje historia om Fenrisulven som handlar om krigsguden Ty og han sitt mot då gudane skulle fange ulven. Forteljinga er frå norrøn mytologi. Eg hadde ansvaret for ein dobbel time med norsk, og starta timen med å fortelja for elevane. Undervegs i historia tok eg fram ein tynn tråd som skulle symbolisere den magiske lenka gudane til slutt klarte å fange Fenrisulven med. Dette fanga merksemda til elevane endå meir, og mange av dei lurte på om dette var den ekte lenkja som var brukt i forteljinga. I forteljinga klarer ikkje den store sterke ulven å bryte den tynne enkle lenkja. Elevane ville også sjå om han var så sterk som historia sa, og om det gjekk an å øydelegge den tynne tråden eg hadde med. Etterpå hadde vi stasjonsarbeid med elevane. Her var det fem stasjonar med følgjande oppgåver:
1.     Finskrift
2.     Oppgåver på data
3.     Attforteljing av historia om fenrisulven
4.     Lage eiga forteljing ved hjelp av skriverammer
5.     Spel- med rim ord
Vi sat ein student på kvar stasjon, med unntak av spel gruppa. Stasjon 3 og 4 var mest relevant med tanke på praksisoppgåva. På stasjon 3 skulle elevane teikna det dei huska frå historia, så det vart til ein slags teikneserie. Dei som ville kunne og skrive til det dei hadde teikna. På stasjon 4 hadde vi eit kolonneskjema som såg slik ut:
Tumblr media
Her sat ein student og rettleidde elevane og forklarte kva ein gjerne har med i ei forteljing osv. I tillegg fekk elevane bilde til inspirasjon til si eiga forteljing.
Tumblr media
  Mange av elevane brukte fleire av bildane i same forteljing. Desse oppgåvene fungerte veldig godt synast vi. Det at dei fekk ei «oppskrift» å følgje og bilde til inspirasjon hjelpte dei til å komme i gang til å skrive, noko mange kanskje ville hatt problem med dersom dei ikkje hadde hatt desse ramane. I dette dømet var vi fire vaksne som kunne hjelpa elevane. Det ville nok bli utfordrande skulle ein gjort det på same måte med berre ein lærar. Når det gjeld den munnlege forteljinga opplevde eg at det å ha med konkrete ting å vise til elevane kan gjere det endå meir spennande. Berre det at eg hadde med ein enkel tråd trur eg fanga merksemda deira i større grad.  
0 notes
maritemilieg-blog · 5 years ago
Text
Ord og omgrepsforståing i forteljarstunda
Vi har den siste tiden hatt eit forteljarkurs på skulen. Der har vi lært om munnleg forteljing og korleis dette kan hjelpe elevar med blant anna å utvikle ord og omgrepsforståing. I dette blogginnlegget vil eg bruke kapittel 4 «Muntlig fortelling og utvikling av literacy», i boka «Muntlig fortelling i barnehagen. En vei til danning, livsmot og literacy» av Fridun T. Karsrud, til å sjå på dette med ord og omgrep. Sjølv om boka fokusere på barnehagen, er mykje av dette sentralt dei første åra på skulen.
Boka kan du finne her
Tumblr media
Her finnar du biletet.
Karsrud skriv at ord er symbol som viser til noko i omverda, og bak disse orda ligg dei førestillingane vi har om det ordet referer til, omgrepa. Disse førestillingane fester seg som mentale bildar, om det som «finnast i verda». Indre bildar lagrast i langtidsminnet, og er sentrale for seinare leseforståing. Derfor er det viktig å stimulere barnas indre bildeskaping. Abstrakte omgrep som vennskap, kjærleik og sjalusi kan ein finne igjen i eventyra. Disse omgrepa vil i større grad være farga av personens kjensler og erfaringar.
Ordkunnskapen byggjast gradvis opp, og vert lagra i barnets indre leksikon. Både lydsekvens og meiningsinnhald må være tilstede for at eit barn lærar seg eit nytt ord. Karsrud viser til tre komponentar i denne læringsprosessen; å oppfatte, å produsere lydane i språket og å lære innhaldet eller omgrepet ordet stiller seg til. Dette vil altså sei form og innhald. Barnet dannar seg hypotesar om betydingsinnhaldet i orda, ved å utforske gjenstandar og gjennom samtalar med andre. Dette kan du lese meir om på side 83 og 84 i boka!
Det er nokre grep ein kan gjere i forteljarstunda for å skape forståing hos elevane. Det første er å stoppe opp ved vanskelege ord. I ein munnleg forteljarstund er det lett å stoppe opp ved vanskelege ord og forklare dei. Gjer ein ikkje det, vil barna kanskje gå glipp av hovudmoment i forteljinga, fordi dei ikkje forstår kva det handlar om. Karsrud skriv at når barn møter nye ord og omgrep, er det viktig at disse ver knytt saman med og byggjer på noko barn har erfaring med frå tidlegare, også når barnet møter tekster om fenomen barnet ikkje har noko tidlege erfaringar med. Derfor er eit annet grep å knytte vanskelege ord opp mot elevanes tidlegare erfaringar. Repetisjon er også eit viktig grep for at ordkunnskapen skal feste seg. I boka til Karsrud skriv ho at undersøkingar viser at seks til sju repetisjonar må til for at ord skal lærast. Eventyr er supre å bruke til slik repetisjon! Til dømes i regleeventyr, blir ord og språklege vendingar gjentatt gang på gang. I undereventyra gjentas også hendingar og handlingar fleire gonger. Eventyr kan også brukast til repetisjon, da barn ofte vil høyre same eventyr fleire gonger.
Eg håpar du synes dette var interessant, og at du tar med deg dette ut når du sjølve skal lese eventyr!
Tumblr media
Her finnar du biletet.
Kilde: 
Kapittel 4. Muntlig fortelling og utvikling av literacy. Karsrud, Fridunn Tørå (2014) Muntlig fortelling i barnehagen. En vei til sanning, livsmot og literacy. Cappelen Damm Akademisk
https://www.cappelendamm.no/_muntlig-fortelling-i-barnehagen-fridunn-tora-karsrud-9788202449551
0 notes
karinaholen-blog · 5 years ago
Text
Munnleg forteljing
Etter eit interessant og lærerikt forteljarkurs på UiA som gjekk over tre dagar sit ein igjen med ein god del fleire kunnskapar og erfaringar omkring temaet forteljing enn før. På forteljarkurset lærte ein mellom anna korleis ein kan fortelje ei forteljing utan å måtte ty til manus. Det var i tillegg interessant å observere oss studentane og sjå at det var mykje meir fengjande når læraren fortalde på denne måten. Dette gjeld forteljingar som eventyr, segn, mytar, religiøse – og kulturelle forteljingar og så vidare.
Ein av dei første dagane gjorde me ei oppgåve som hadde vore like relevant for elevane på barneskulen å gjennomføre. Den gjekk ut på at læraren fortalde eit eventyr som me studentane skulle arbeide med vidare. Etter eventyret var formidla gjekk me gjennom forteljinga for å finne omkring sju til åtte hovudpunkt. Læraren gjorde det saman med oss i og med at det var første gongen. Etter det skulle me finne fem substantiv, fem verb og fem kjensleord. Vidare laga me kvar vår teikneserie av eventyret. Neste steg var å fortelje det same eventyret for kvarandre i par, men i staden for fekk me nye eventyr vi skulle arbeide med, med den same framgangsmåten som nettopp er forklart. To og to fekk lik forteljing og skulle til slutt fortelje den for kvarandre etter me hadde gått gjennom punkta saman. For å gå eit skritt vidare blei vi delt i grupper med dei andre i klassen som hadde ulike eventyr for så å fortelje eventyret for dei andre som ikkje hadde høyrd det.
Andre arbeidsmetodar ein kan bruke i skolen etter ein som lærar har fortalt ei forteljing er til døme å la elevane skrive eit samandrag. Da får både dei sterke og svake elevane prøvd seg kor dei sterke kan skrive så langt dei klare utan avgrensing, medan dei aller svakaste kan få hjelp i frå ein lærar til å skrive det eleven seier. Står elevane fast kan læraren stille spørsmål omkring teksta for å hjelpe dei i gong. Ein annan metode er å teikne noko i får forteljinga. Dette er noko dei aller fleste får til. Ein mogelegheit er at omkring tre og tre går saman i gruppe for å teikne forteljinga i saman, for så å vise for resten av klassen etterpå. Ein utfordring kan vere å fortelje att saman i gruppe for klassen. Også drama, forteljarkort og leik kan vert brukt.
Slike arbeidsmetodar er berre noko av alt ein kan gjere i ein klasse omkring emnet forteljing. Å arbeide med ulike forteljingar på denne måten bidrar til å skape motivasjon og skaper indre bilete i hovudet hos elevane, også hos dei med lærevanskar og med fleirkulturell bakgrunn. Det er også med på å utvikle deira munnlege ferdigheiter og leseforståing, og dei får brukt fantasien.
Tumblr media
Litteratur:
Karsrud, F. T. (2010). Muntlig fortelling i norskfaget. En vei til tekst – og tolkningskompetanse. Oslo: Cappelen Damm AS.
Biletet (link)
0 notes
wurmstuggu · 7 years ago
Photo
Tumblr media
RIMEDIKT MMXVI Eg skriv eit dikt mest for at det skal rime. Og rime gjer det. Berre følg med her: Her er det enderim en masse. Det gjer at ein kan sitje time etter time og berre kose seg med ord som læt som gild musikk frå himmelhøge sfærar. Alt saman trylla fram av ein poet (eller kan hende av ein simpel lærar i norsk som keiar seg). Legg merke til den jambiske rytmikken, orda går i taktfast marsj mot siste strofe. Vil dei ende meiningsfullt? Kven veit? Eg får vel ende diktet no, for dikta mine tar alltid slutt i siste verseline.
1 note · View note
norskbloggen123-blog · 5 years ago
Text
Munnleg forteljing i praksis
Etter å ha vore i praksis i tre veker på ein skule i Kristiansand har eg gjort med nokre nye tankar og erfaringar. Praksisoppgåva gjekk ut på at me alle skulle fortelje i klassen inspirert av forteljarkurset me har vore på tidligare på UiA. Me var tre studentar i same praksisgruppe, så me fortalde i KRLE, matte og norsk.
Eg fortalde i KRLE og gjorde det i oppstartinga av Buddhismen. Då var forteljinga om Buddha eit naturleg val, og noko eg tenkte ville fengja elevane og gje dei ei god start på tema. Eg øvde og øvde, både heime, på jobb, åleine, og til alle rundt meg eg kunne utnytta i øvinga. Eg laga stikkord, og fekk etterkvart korta ned stikkorda til eg kunne forteljinga heilt utan støtte. Eg var klar.
Det var fyrste time på dagen og eg ynskja å setje stemninga med ei gong elevane kom inn i klasserommet. Eg hadde med stearinlys heimanfrå som var tende og stod midt i lyttekroken. På Smartboarden hadde eg søkt opp meditasjonsmusikk på Youtube som gjekk i bakgrunnen etterkvart som elevane kom inn etter helsing. Då alle var på plass satt eg i gong. Elevane følgde godt med og eg fekk dei engasjert i forteljinga med ei gong. Det var ei fin forteljarstund og elevane hugsa mykje då me snakka om forteljinga i etterkant.
Inspirert av Fridunn og forteljarkurset blei etterarbeidsoppgåva å lage teikneserie frå forteljinga. I fellesskap i lyttekrok gjekk me saman gjennom historia endå ei gong og skreiv ned nokre punktar dei kunne ta utgangspunkt i når dei skulle teikne åleine etterpå. Dei hugsa mykje, og hadde ein del spørsmål rundt til dømes at Siddharta både kunne gå og snakka når han blei fødd. Her prata vi også om livet etter døden, kva forskjellige menneskjer trur osv. – ein veldig fin klassesamtale.
Eit problem undervegs i arbeidsøkta var at det var mange elevar som ikkje visste kva ei teikneserie var, og korleis dei skulle lage si eiga. Dei fekk utdelt eit blankt ark til teikneserien, men i ettertid ville eg delt ut rutete ark og vert tydelegare på kva frå forteljinga som skulle i kvar rute. Likevel fekk me mange fine teikneseriar, og elevane var stolte av det dei hadde laga. I tillegg blei dei utroleg gode på forteljinga, og mange klarte til og med å gjengi uka etter haustferien kva den handla om!
Det var kjekt å arbeide med forteljing i skulen, både i forarbeid åleine som lærar, undervegs og i etterarbeidet med elevane. Oppgåva ga definitivt mersmak for min del!
Tumblr media
Her er gjengivelsen av forteljinga i teikneserieform. Denne eleven mestra oppgåva og fekk eit flott resultat! 
0 notes
lularkiv-blog · 6 years ago
Photo
Tumblr media
2357. Klassetur, Telavåg 1959. 1. rad. Kari Tveit, Sonja Mjøs, Vigdis Andersen, Hildegunn Dale, Anders Tirevold, Dan Andersen, Sjåfør Bjørn Otto Frantsen, Eldbjørg Liland, Herloff Bogen, John Aksel Sundal, Jon Flesland, Lærar Dag Bakka, Per Skaar, Bjørn Liland.
0 notes
edinat17-blog · 5 years ago
Text
Ein erfaring frå praksis
Når ein studerer for å verte lærar kjem det mykje kunnskap som er god å ha med seg vidare. Ein av dei som har hatt stor betyding for meg er munnleg forteljing.
Denne magiske og nære fortelja-stilen har for meg vært ein opning inn i dei forskjellige klassane som eg har besøkt i praksis. Det er alltid ein spenning når ein skal lære seg å kjenna nye elvar, og dei skal lære å kjenne deg. Dette er ein stor og krevjande oppgåve når ein berre får tildelt eit par veke. Likevel vil ein verte overraska over kor mottakelege og nysgjerrige elevane vart når ein startar på ein forteljing. No vil eg ta deg med inn i min forteljarstil.
Uansett kva for eit trinn eg har hatt munnleg forteljing har det vore viktig for meg å skape ein stemning frå fyrste stund. Det gjer eg ved å lage ein lyttekror. Uansett kor «vaksne» nokon av elevane på eldre årstrinn har vore, så kan eg sjå at dei likar den nærheita som kjem av å sitja saman. Ein lyttekor gjer det også mogleg at alle elevane får meg seg kva som skjer uansett kva for ein plass dei har i klasserommet.
I tillegg til å samla elevane har eg med eit saueskinn og eit teppe som eg brukar for å dekke til ein stol. Elevane får vite at stolen er magisk, og når eg sett meg i den vil det komme ein forteljing heilt av seg sjølv. Sidan forteljinga kjem automatisk får elevane også vite at eg ikkje kan svara om nokon rekk opp handa, eller stoppe av andre grunnar. Når elevane veit kva for ei ramme som er rundt forteljar-stunda vil det vere lettare for dei å følje med.
Så er det berre å byrje å fortelja. Når ein har laga klare forventningar til både elevane og til kva læraren skal gjere, vil ein slik stund flyte av seg sjølv. Eg opplever desse minuttane som eit eventyrleg og positiv stund. I alle klassar eg har gjort dette (1, 2, 4 og 6.klasse) har det vore elevar som i utganspunktet slit med å sitje stille eller fokusere på det sama over lengre tid. Ein skulle nesten tru at det var ekte magi som kom ut av stolen når eg ser korleis desse elevane tar i mot ein munnleg-forteljing. Ofte har det vore nettopp desse elevane som har fått med seg mest! Det er gøy å sjå.
Eg har brukt munnleg forteljing i hovudsak for å skape ein betre relasjon mellom meg sjølv og elevane. Den kan også bli brukt til så mykje meir, men som eg ikkje skal gå inn på no. For at dette skal verte bra vil det vere viktig at ein kan teksten utanåt og at ein klarer å bruke kroppsspråket og variasjonar i talemålet.
Finn deg ein forteljing du liker. Organiser klassa på ein fin og oversiktleg måte. Forklar kva for ein ramme som er satt for stunda. Og vær så god- her har du inngangsporten til ein magisk stund med dine elevar!
Tumblr media
0 notes
heididahlsveen · 7 years ago
Text
Den praktiske kunnskapen
I går leste jeg en interessant kronikk på Khrono av forsker Sigurd Haga om hvordan erfaringsbasert og praksisnær kunnskap må vike for den målbare kunnskapen i en universitets satsning. Spesielt synlig er det i lærerutdanningene «Der ein lærar før underviste og rettleidde 20 studentar, kan same lærar nå, i same emnet, førelese for 200.» (Haga, 2018). Dette er en virkelighet som ligger langt unna…
View On WordPress
0 notes
birkelandlinn-blog · 5 years ago
Text
Munnleg forteljing i norskfaget
Fridunn Tørå Karsrud har nyleg hatt eit utruleg inspirerande forteljarkurs for oss. I dag vil eg derfor skriva litt om munnleg forteljing i norskfaget, og kva mulegheiter denne arbeidsforma gjer i skulen.
For elevar på barneskulen har forteljinga stor betyding. Det utviklar blant anna evna til å tenkje, førestilla seg og fantasere. For mange elevar er fantasien i forteljinga nøkkelen til indre motivasjon. For å sjå det frå ei anna side, er motivasjon nødvendig for å kunne leggje til rette for elevers læring og utvikling. Dermed vil munnleg forteljing kunne fremme læring.
Tematikken i forteljingar kan vere mange, til dømes kjærleik, redsel, familieforhold og venskap. Jerome Bruner hevdar at utvikling av empati skjer gjennom forteljingar. Denne utviklinga kan blant anna skje ved at elevane identifiserer seg med helten i forteljinga, lærer å ta del i andres erfaringar og/eller lærer om ulike måtar å leve på. All tematikken nemnt ovanfor vil vere eit godt utgangspunkt for utforskande samtalar i klasserommet.
Tumblr media
Det finst mange måtar ein kan ta tak i ein forteljing på. Det er viktig for meg som kommande lærar å arbeida med korleis ein skal fortelje for elevane, og kva teknikkar ein bør bruke. Om læraren er den sentrale aktøren og les ein forteljing for elevane, er det viktig at ein har øvd inn handlinga i forteljinga i forkant. Dette gjer mulegheit for større grad av innleving – noko som er nødvendig for å skape motivasjon hos elevane. For elevar som slit med å forstå omgrep, er det ein fordel å ha rekvisittar slik at dei har noko konkret å ta og sjå på. Dette er noko eg har lyst til å ta mykje i bruk når eg startar i lærarjobben. For å halde på konsentrasjonen til elevane er det lurt å aktivera dei, og eit av Fridunn Tørå Karsruds tips er «stopp» i leseøkta, der elevane får fullføra setningane. Ho stoppa blant anna etter kvar gong ho sa «langt og lenger enn...», der vi skulle fullføra setninga og seie «langt» i kor. Om forteljinga er lang, er dette ein god måte å halde på elevenes konsentrasjon.
I etterkant av forteljinga kan ein til dømes skrive ned forteljingas hovudpunkt, finne verb og substantiv som kan hjelpe oss å hugse detaljar, snakka om kva følelsar ein støyter på, laga teikneserie eller dramatisera. Det finst altså ein haug med måtar ein kan omarbeide ein forteljing på.
Eg vil påstå at munnleg forteljing er viktig for meg som kommande lærar, og dette er ein arbeidsmåte som kan brukast i alle fag i skulen. Teknikkane i dei to avsnitta ovanfor tok me i bruk på forteljarkurset, og eg kjem absolutt til å ta med meg dette vidare inn i arbeidslivet.
Litteratur
Karsrud, Fridunn Tørå (2010). Muntlig fortelling i norskfaget. En vei til tekst- og tolkningskompetanse. Oslo: Cappelen Akademisk forlag
Karsrud, Fridunn Tørå (2014). Muntlig fortelling i barnehagen. En vei til danning, livsmot og literacy. Oslo: Cappelen Damm Akademisk
0 notes
mariannec97-blog · 5 years ago
Text
Munnlege forteljingar
I dei to siste vekene har vi hatt forteljarkurs på skulen. Dette er noko som eg synest har vore veldig interessant og lærerikt, og ikkje minst svært profesjonsrelevant. Eg hugsar godt då eg gjekk på barneskulen og læraren min fortalde forteljingar for oss elevar, og kor godt eg likte det. I dei fleste tilfelle som eg kan hugse hadde læraren høgtlesing for oss, men i dette kurset så har fokuset vore på munnlege forteljingar.
Ved munnleg forteljing blir elevane nøydd til å vere konsentrerte heile tida. Dei får ikkje tid til å tenkje seg bort fordi læraren kan røra seg rundt, få elevane til å gjenta kjente frasar, stille spørsmål og få blikkontakt med elevane. Elevane er ikkje passive, og gjennom munnleg forteljing får elevane oppleve at dei skaper noko saman. Det er ikkje ein avstand mellom formidlar og mottakar, slik som ei fysisk bok gjerne kan vere med på å skape.
Det er viktig at elevane får høyra forteljingar fordi for det første har forteljingar ein viktig plass i kulturen vår. For det andre er forteljingane med på å utvikle evna til å tenkje , førestilla seg og fantasera. Elevane får moglegheit til å ta del i andre sine erfaringar og lære om ulike måtar og leve på. Dei kan kjenne seg igjen i ulike forteljingar og bruke forteljingane til å omarbeide hendingar i eigne liv.
For meg som kommande lærar er munnlege forteljingar noko eg vil ta med meg til klassa mi. Det kan brukast i alle fag og kan vere med på å auka motivasjonen og kjensla av meistring hos elevane.
Tumblr media
0 notes