Tumgik
#transseksualitet
Text
Debatt om transseksualitet og kjønn: grunnlinja
For omtrent ein månad tilbake delte ein slektning av meg eit innlegg på facebook som kritiserte det at det blir lært om transseksualitet og kjønn på barneskulen. Det omhandla eit foredrag, men i innlegget var det òg linka til ei nettside som kritiserer dette ytterlegare. For å vere litt direkte, det som er skrevet i både innlegget og på nettsida er noko tøv. Det er ingenting anna enn transfobisk retorikk ompakka i "smarte" ord, bekymringar for born og "sjølvstendig forskning". Det gjer meg kvalm å sjå bekymringar for born bli brukt som eit skjold for å trakkasere retten transseksuelle har på det som er meint å vere så universelt: respekt og likeverd.
I respons til dette delte innlegget kom eg med ein motkommentar. I motkommentaren prøver eg å vere kort, tydeleg og konsis. Det er ein ting å diskutere ulike ting ved transseksualitet, som "kor ung skal nokon få vere før dei kan ta i bruk hormonblokkarar" eller "korleis organiserer ein sport på ein mest retterdig måte mogleg". Men når dei debattane blir teken opp frå eit standpunkt kvar det ikkje ein gong blir anerkjent at dei er vanlege folk på same måte som alle andre, så viser ein tydeleg at det ein eigentleg ynskjer er ikkje "rettferdig sport" eller "trygge born" men å diskreditere at transseskualitet er eit reelt faktum. Ein kvar sunn debatt om transseksuelle og kjønn må ha ei uunvikeleg grunnlinja: transseskualitet er eit reelt faktum og transseksuelle er vanlege folk som fortjener respekt og rettigheitar på lik linje med alle andre, og kjønn er ikkje spesifikt definert av underlivet; kjønn er delt biologisk og sosialt.
Under kan du lese svaret mitt til slektningen:
Nei, det tas ikkje feil om kjønn. Det blir òg feil å snakka om kjønn som 'ein' ting her, for det er det ikkje. Det er delt i to: 'biologisk kjønn' som er det du har i boksa og 'sosialt kjønn' som er korleis du sjølv og heile samfunnet oppfattar deg og ditt kjønn. Dette er ikkje noko oppdikta, det er realiteten ved korleis kjønn artar seg i samfunnet vårt.
I dag vil me i all hovudsak gå ut i frå at folk kjenner seg att i det same sosiale kjønnet som det biologiske kjønnet dei har, og i all hovudsak er det rimeleg å anta det. Det biologiske kjønnet mitt er mann, og det same er mitt sosiale kjønn. Men enkelte folk i samfunnet føler seg født i feil kropp, at deira biologiske kjønn ikkje kan foreinast med kva dei kjenner inni seg, det sosiale kjønnet. Dette er like legitimt som det å vere homofil, det er ikkje noko du sjølv bestemmer om du vil føle på, det er ein realitet ved din seksualitet og ditt kjønn. I dag kallast dette kjønnsinkongruens. Du kan prøva å ignorera/fortrenga det, gøyma deg for kjenslene dine, men det gjer ein berre deprimert. Difor er det så viktig at me som eit samfunn kan være opne mot desse folka og møte dei med same kjærleik og forståing som ein gjer med alle andre. Dei er òg menneske, dei fortener såpass.
Når ein då lærer om kjønn på barneskulen handlar ikkje det om at borna blir «indoktrinert» på noko vis, som nettsida i det delte innlegget seier. Det handlar enkelt og greitt om å lære borna at enkelte kjenner at dei er født i feil kropp, eller at dei ikkje kjenner seg att i det sosiale kjønnet folk bruker om dei. Dette gjer skulen/forlaga for å fortelje at transseksuelle og ikkje-binære etc. òg er menneske som har rett på det same som «vanlege folk». At dei òg er verdig kjærleik på same plan som andre, uansett om dei kjenner seg litt annleis på innsida.
Det er ingenting farleg med dette. Du blir ikkje muslim berre ved å lære om Islam i Krle på barneskulen. På same måte blir du ikkje homofil eller transseksuell om du lærar om at nokon likar det same kjønnet, eller føler seg som jente når dei var født gut, og at det går fint. Det einaste du lærer er likeverd over folk.
Når dette då blir framstilt som ein form for inndoktrinering gjer det ingenting anna enn å øydelegge for god debatt og forståing for reelle problem knyta til tema, og skadar blant anna transseksuelle sin moglegheit til å i det heile bli sitt på som menneske.
2 notes · View notes