Text
Siste dag av turen tok me oss til Malaga for å levere bilen. Kvelden vart brukt til litt byvandring før me flyr heim att på sundag.
0 notes
Text
Nest siste dag på biltur køyrde me til Ronda. Ein historisk viktig by som er delt i to av ei 100 m bratt ravine. Byen er kjent som fødestad for tyrefekting, og me hadde god utsikt over Spanias største tyrefektararena frå hotellet. Ronda var sentral i den spanske borgarkrigen, og både Hemingway og Orwell har budd her i fleire periodar. Hemingway skreiv blant anna om Ronda i «For whom the bell tolls».
1 note
·
View note
Text
Bileter frå dagens køyretur i nasjonalparken Sierra de Grazalema.
2 notes
·
View notes
Text
Stoppa for lunsj i Arcos de la Frontera, ein by kjent for sine kvite bygningar.
1 note
·
View note
Text
Køyrde nordover etter Granada til Jaén og deretter vestover til Cordoba. Jaén er ein av verdas største produsentar av olivenolje, og står for 1/6 av heile verdsproduksjonen. Det fekk me tydleg sjå av landskapet me køyrde gjennom idag.
1 note
·
View note
Text
Det var endeleg tid for eit av turens høgdepunkt idag, då me besøkte Alhambra i Granada. Dette var palasset til Nasrid-dynastiet, det siste muslimske dynastiet i Iberia. Palasset vart påbyrja på 1200-talet, og var hovudsete for Nasrid fram til reconquista i 1492.
1 note
·
View note
Text
Det vart ein rein kviledag i Almunecar på den spanske middelhavskysten. Avslapping og bading på stranda 😎
1 note
·
View note
Text
Tysdag var me innom Gibraltar på vår reise rundt i Iberia. Tok taubanen til toppen av klippa og helsa på berberapene, dei einaste ville apane i Europa. Legg merke til flystripa som krysser vegen.
1 note
·
View note
Text
På ettermiddag/kveld tok me båten over til den spanske provinsen Ceuta som ligg i Afrika.
1 note
·
View note
Text
Tok turen innom det sørlegaste punktet i Europa, Tarifa, på vegen frå Sevilla. Diverre var festningen stengt, så me kom ikkje aller lengst ut.
0 notes
Text
Det er i Sevilla det skjer. Trur kanskje Paktens ark gjekk forbi baren.
2 notes
·
View notes
Text
Det mest spennande som skjedde idag var at me tok oss tilbake til Spania.
0 notes
Text
Køyrde vestkysten av Portugal sørover frå Sines til sørvestkappen av Europa. Stoppa eit par gonger undervegs for å nyte utsikta. Etterpå vart det sein lunsj i Lagos før me fylgde sørkysten austover.
1 note
·
View note
Text
Ein obligatorisk del av reisa: Bakalao på (ein av mange) portugisisk vis.
1 note
·
View note
Text
Var innom Évora, ein by på UNESCO-lista. Byen er kjend for sin bymur, sitt romerske tempel og kyrkja.
1 note
·
View note
Text
I Portugals innland fann me ein samling på meir enn hundre steinar. Steinane har stått der i mellom 6000 og 8000 år, og ingen veit riktig kva som er funksjonen.
2 notes
·
View notes