Tumgik
#vatn i trappa
margaretfjerde · 4 years
Text
Tumblr media
12.04.2020 - Første påskedag
0 notes
reisemaria · 6 years
Text
Havana o-na-na
For litt over 6 mnd sidan sat eg og Madeleine i lunsjen og planlagte ein liten get-away, og no var endelig tida komt! Eit par dagar etter me bestilte hang Katrine, venninna til Madeleine seg på, og me har hatt eit par planleggingsmøter for å sørga for at denna ferien var ein for historiebøkene!
På Cuba er verken mobildekning, 3G eller wifi til å stola på, så me har fått oss ei tvungen veka vekke fra sosiale media, epost og varslar - deilig!
Dag 0
Flyturen gjekk egentlig veldig fort! Ruta vår var Oslo - København - Toronto - Havana med respektive 1, 9 og 4 tima i fly. Litt søvn, eit par filmar og nokon dårlege flymat-måltid seinare var det ein trøtt gjeng som praia sin første taxi på cubansk jord. Sjåføren skjønte nok at me var trøtte, for han køyrte i hundre og helvete og ti min seinare var med utanfor døra til første «Homestay», Casa Carlo! Carlo er 70+, veldig hyggelig, snakka spanglish og er ekte cubanar med stråhatt og sigar. Han viste oss rundt i leiligheten (me bur på loftet hans og har eigen inngang, terrasse, bad, kjøkken, soverom og stova) før han tok oss med på hjørnesjappa for å kjøpa vatn. Me sa godnatt i 01 tiden og fekk beskjed om å berre spørra viss me lurte på noko. Han hadde og lagt fram kart med dei beste restaurantane markert med stjerner. For ein fin fyr!
Dag 1
Vakna brått klokka 05 tross tidsforskjell og eit døgn med reising. Fann ut at det kunne ikkje vera SÅ lenge til soli stod opp, og at eg lika gjerne kunne ta meg ein joggetur. Hah! Bekmørkt. Mannen i gata sa soloppgang var i 7-halv 8 tiden så det blei ikkje noko lang tur. Cuba er heldigvis generelt ikkje skummelt for tilreisande, da dei sårt treng turismen - så alle lokale er veldig hjelpsomme og hyggelige uansett tid på døgnet. Reisefølget snorka framleis når eg kom tilbake, så da blei det litt styrketrening på verandaen før eg hoppa i dusjen og starta prosjekt «vekking».
Når det endelig blei dagslys var det klart for oppdagelsesferd i gamlebyen. Me bur ca midt mellom Habana (old town) og Vedado (meir turistifisert med resorts) og det passa oss veldig bra. Etter ein kjapp gåtur «downtown» møtte me postkortet Cuba; brustein, cigar-damene på hjørna, gamle forfalne bygg med eigen sjarm, og ikkje minst bilane - dei typiske pastellfarga historiske amerikanar doningane. Me føler me har reist minst hundre år tilbake i tid, og me digga det!
Me starta trakkinga i gamlebyen i ni-tiden, skaffa oss litt frukost, maiskolbe på pinne til dessert og eit par mojitos til å skylla ned. Me var innom marknadar, klesbutikkar og forskjellige barar, deriblant Floridita som er best kjent som favorittbaren til Ernest Hemingway. Der blei det ein strawberry daiquiry før me sneik oss inn på nabohotellet Gran Hotel Manzana og lånte rooftopen for ein siesta ved bassenget.
Etter litt sangria og rooftop views hoppa me inn i ein av dei gamle doningane og tok ein rundtur i byen for å sjå og bli fortalt litt historie. Veldig kult!
Den rosa barbiebilen slapp oss av på La Guardita, der me hadde lunsjreservasjon. Restauranten er godt gøymt i 3. etasje i ein bygning som burde ha dotte ned for eit par år sia. Når ein kjem inn er det forfallen mur, maleri av Castro og ei trapp som svinga seg oppover i det som ser ut som eit forlatt leilighetskompleks. Men! Når me kom opp trappa blei me møtt av 20 persona som sprang rundt og stressa, og me skjønte fort at det var bryllaupsforbredelsar. Me fekk bord ved terrassen, og DEN gode maten. Det blei hummertallerken med risotto og eit par mojitos, før sjokoladefondant fulgte til dessert. Bak oss var det bilder av tidlegare gjester, feks Madonna, Bon Jovi, Kiera Knightly, Kim K & Kanye. Fantastisk mat i fantastisk selskap!
Etter lunsjen (som varte til 16..) traska me innom eit supermarked på veg heim for å kjøpa litt digg til bilturen i morgo. Butikken var heilt ribba, og me forstod fort at cubanarane har streng rasjonering sidan dei ikkje får inn så mykje varer. På eine butikken stod det at det var kun lov med ei pakka egg pr familie pr veka. Håpa vertfall det er 12pk! Trist med halvtomme butikkhyller, men veldig greit med eit innblikk i korleis ting fungera hos lokalbefolkningen. Me fekk med oss eit par kjekspakker, det hadde dei uansett masssse av!
Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media
Etter litt dusjing, 1 time wifi (kort med passord kosta 2 CUC ~14 kr for ein time og fungera kun på plassa som har eige wifi) og samanlikning av solbrent-skille tok me på oss finstasen og vandra 3 blocks fra der me bur til Biky - numero uno i følge verten vår - for middag. Me forstod at det var populært da dørvakten ga oss eit kjapt «un momento» og me måtte stå i kø til nokon reiste. Gjekk heldigvis fort, og var veldig god mat der og! Sidan me holdt på å sovna midt i maten spaserte me rett heim etter mat, pakka litt og sovna i ti tiden.
0 notes