#bonnierforlag
Explore tagged Tumblr posts
mariatryti · 9 months ago
Text
Ein dag for takksemd og glede! I dag er det siste framsyning av NĂŠre relasjonar - iallfall for no:
NÆRE RELASJONAR Det Norske Teateret vĂ„ren 2024
VÄren 2024 har teaterstykket NÊre relasjonar gÄtt for fulle hus pÄ Scene 3. Christian Ruud Kallum har hatt hovudrolla, og Marie Blokhus har hatt regi. I tillegg bidrar Josephine Frida Pettersen, Oddgeir Thune og Tirill Heide-Steen.
Det var eit lukketreff at ein tidleg, teaternÊr versjon av teksten kom i hendene pÄ Marie Blokhus medan eg var i innspurten av boka. Sjeldan har eg fÄtt fÞlga ein prÞveprosess sÄ tett og kjent meg sÄ pÄ nett med dei andre scenekunstnarane. Vi har jobba raskt, fritt og med stor tillit til kvarandre.
Romanen og teaterstykket med same namn er i nÊr slekt, men dei er sjÞlvstendige tekstar. Formata inviterer til ulike forteljarstemmer og dramaturgiar, og teaterteksten inneheld scener og situasjonar som er borte frÄ romanen, og omvendt.
Materialet byrja faktisk som scenetekst, fÞr eg bestemte meg for Ä skriva roman (noko som var nytt og som tok tid - men som blei ferdig i 2023) - og sÄ blei teaterversjonen henta fram igjen og ferdigstilt rett fÞr premiera i januar 2024.
Stykket har fÄtt mykje omtale. Det meste er lenka til her.
NÆRE RELASJONAR - omtale i Norsk Shakespearetidsskrift
“Velvalgte regigrep og et intenst scenisk nérvér befester den tragiske realismen i Maria Tryti Vennerþds nyanserike og innsiktsfulle tekst om vold i nére relasjoner.”
“Å skrive godt og nyansert om et sĂ„ ladet tema mĂ„ vĂŠre utfordrende, der man balanserer i et minefelt av sjokkartet skandale og velment sosionomi.”
AMUND GRIMSTAD: "Teksten er bÄde truverdig og munnleg, og fell sÊrs naturleg. Og forteljinga og handlinga blir bygd opp dramaturgisk pÄ meisterleg vis. Blokhus fÞlgjer opp dette i regien, og med enkel og kreativ bruk av papirforhenga, skapar ho overraskande vendingar, og sterke brot. Og der romanen sluttar med, om ikkje ei lÞysing, sÄ i alle fall ei retning, er teateroppsetjinga gitt ei heilt ope ending. Det er eit godt val, for denne oppsetjinga vil for mange i publikum neppe bli avslutta ved teppefall, men halde fram med refleksjonar og diskusjonar i ettertid, slik ei god framsyning skal."
PERIPETI:
"Teksten av Maria Tryti VennerÞd er utrolig fin, sÄrbar og enkel Ä henge med pÄ. Den belyser skyldfÞlelse og forholdet mellom makt og avmakt og offer og voldsutÞver. Gjennom teksten fÄr publikum ogsÄ et stÞrre innblikk i hva som gjÞr at noen velger Ä bli i destruktive forhold, noe jeg tenker er viktig at snakkes om i dagens samfunn. Om ikke alle kan relatere til alt som skjer i forestillingen, sÄ vil jeg tro de aller fleste kan kjenne seg igjen i deler av historien pÄ ulike mÄter."
Tumblr media
0 notes