Don't wanna be here? Send us removal request.
Text
SONG
I diktet «Verkelegare» i TIDSLYS finn ein som avslutning desse linjene: Dei mest påståelege røystene Vert ståande i villreie når lerka tek til å syngja som om ingenting er verkelegare enn song
***
Måltrosten veit kva songen er verdt. Den er ein vegvisar. Den syng oss fram. Den syng for dei forvirra og usikre. For alle som har kome litt ut av leie og virrar rundt i utkanten av den vegen som dei inst inne veit at dei skulle vore på. Måltrosten syng for dei som er ute av kurs og ute av seg. Dei som ikkje veit verken ut eller inn.
Høyrer du godt etter når skumringa stig ut av trestammane i angen av barnålsbotnen og bekkekantgraset, kan du fort fange opp strofer som tydeleg seier: «Kom hit! Kom hit!». Og då er det bare ein fornuftig og irrasjonell ting å gjera, og det er å gå dit.
Lyttar du vakent når iskalde morgonstjerner lyser mellom trekronene og suset av inkje går over liene, når elgfarga kjensler og ugleforma følelsar opnar seg i det eine minuttet, og steintunge tankar og klokkeforma gru dunkar og tikkar i sinn og skog, i det neste, - då kan du kanskje høyra måltrosten seie «Gå vekk! Gå vekk!» - og du veit kva du har å gjera.
Når ein innser at fuglane veit, kan ein gå der måltrosten syng, og endeleg koma fram til der ein går.
Og få setja seg ned og kvila i seg sjølv.
Helge Torvund 2018
Foto Morten Brun Jæren 1984 Tegning Helge Torvund
0 notes
Text
Halmstrå
På side 113 i TIDSLYS står diktet «Halmstrå» som byrjar med følgjande sitat av Glyn Maxwell:
«Dont make the mistake of thinking the white sheet is nothing. For a poet it is half of everything.»
Denne Maxwell er den som diktet “Alle ventar på Glyn” i ALT BRENNER handlar om. Hans bok “On Poetry” har nokre kapittel som er noko av det mest inspirerande eg har lese om poesi. Hans underlege prosabok «Drinks With Dead Poets» har eg òg hatt stor glede av.
At rommet rundt diktet, i sitatet symbolisert med det kvite arket, har stor betydning, og spelar med i innhaldet og orda på ein heilt spesiell måte, er òg det sentrale i «Halmstrå», som sluttar med desse linjene:
Menneskelege erfaringar har ein slik fylde
at orda vert som halmstrå og litt høy som prøver å famna heile låven.
I mi samling «Alt er høy» er høy eit ord som gjennom dikt etter dikt vert lada med stadig nye tydingar og oppnår ein fylde som omsluttar både mennesket sjølv og alt det me trår etter. Og felles for det heile er at det alt saman vert borte.
‘Halmstrå’ er jo i seg sjølv eit ord som vert nytta som det vesle me har å ty til, det spinkle og nærast vonlause håpet me har. At «orda vert som halmstrå» seier altså at orda både er det einaste me har til å fanga inn augeblinken og tilværet med, og at samstundes at det er ganske spinkle greier, om ein ser det opp mot den enorme erfaringsfylde som bare eitt menneske har, for å ikkje snakke om alle menneske i alle moglege kulturar og historiske epokar.
Her er me. Og ordet er det me kan bruka for å kommunisera. Poesien er ein måte å bruka språket på som aktiverer delar av det usagte, det kvite arket, fylden i tilværet som omgrepa våre strengt tatt ikkje kan dekka, men som poesien med sin merkverdige overskridande evne, likevel kan gje oss glimt av. Glimt av lys, glimt av tid.
Helge 5. februar. 2018 foto Morten Brun, Stockholm fv: Helge Torvund, Mads Rydmann, Morten Brun
0 notes
Text
Det kortaste diktet i TIDSLYS
DET SYNER SEG rabarbraenergi påskeliljekraft
Dette er på eit vis omdreiingspunktet: Det som lyset syner oss, det som viser seg fram som eit resultat av lyset og fotosyntesen. Og det at det er eit teikn på tid; årstid: vår. I eit av dei mange sitata i denne boka står det «Ekstrem klårleik er eit mysterium» (Mahmoud Darwish). Og det er i denne fabelaktige samansmeltinga av kroppsleg og klår sansing og det ufattelege ved at ting blir til og er, at poesiens fylde finst.
Difor altså; tid og lys. Fotosyntese og vekst. Det grøne mysterium. Retina og rabarbra. Påskeliljene si gule fanfare , «trumpetingly small/All along the bathing hut wall» som Donovan formulerte det i eit songdikt.
Det dreier seg mellom anna om dette som engelskmennene fortetta kan uttrykkja med det kortet ordet «awe». På norsk må me helst ty til fleire ord å få fram dette fenomenet; overraska ærbødig undring. Eg har fått med meg litt av den forskinga som psykologiprofessoren Dacher Keltner har utført på fenomenet «awe», og kva det gjer med oss å oppleva slikt. Det er ikkje lite. Det kan sjå lite ut, men det er ein liten nøkkel av gull.
Når eg diskuterte omslaget med Mia Bull-Gundersen og designaren Andreas Bache-Wiig var eg oppteken av rav. Ein ravklump er på ein måte ein klump med stivna tidslys. Så då eit av dei første utkasta kunne verka litt hardt og einsfarga, vart løysinga at Andreas la inn eit foto av ein ravklump som både livnar opp flata med fargenyansar og gir ein eigen glød til omslaget.
Når eg nå sit med boka i hendene, ser eg at det er endå meir glødande i røynda enn det den digitale verda makta å formidla. Det er nesten som om alt brenner.
Helge
foto: Morten Brun
0 notes
Text
The Naked Nature of Time
«Har du eit råd til eit ekorn?» spør eg i det eine filmklippet du kan sjå på denne sida. Av og til prøver dikta mine å sjå på dei mange liv som lever seg ut kring oss utan å vera fanga inn av dei erklært viktige perspektiva i menneskesamfunnet. Me lever i ein straum av underliggjande påstandar: «Nå er det og det viktig!» «Du har vel fått med deg at …?» «Nei, nå må folk snart innsjå at …» og ei lang rekkje slike saker og nyheiter og personar og konfliktar som media og samtalane dreier seg om i ein periode. Til det brått er heilt gløymt. Ute av interessefeltet.
Eg les ei bok nå der eit av dei første kapitla heiter: «The Naked Nature of Time». I den boka har ein to ulike syn på tida, det finst ei tid som ein kallar «tolv-timars-tida», som har å gjera med dette at me i kvardagen må følgje med på tida; «Når går neste tog?» «Kjem eg tidsnok på jobben?» «Eg må vera heime til den og den tid, slik at rekk middagen før det og det TV-programmet tek til.» Den slags sider ved tida. Og så operer ein i den boka med eit anna tidsomgrep, «Vere-Tid» (Being-Time), som ein kan seie oppstår i det du heilhjarta går opp i handlingane dine og vert eitt med det du held på med, og brått kan oppleve at dette knyter deg til ei anna tidsoppleving; ei tid der alt er til i eit nå, og der du på denne måten vert knytt til alt anna som er til og lever i den same stunda.
Denne boka heiter då òg «Every Moment Is the Universe». I likskap med oss var forfattaren av og til eit dårleg menneske, men han var òg av og til ein svært god formidlar av den innsikt han hadde fått.
Jo meir oppteken eg vert av tidsomgrepet, jo meir omfattande og omfamnande vert det. «Du er tid» las eg ein stad nyleg. Ja, tenkte eg, tid er eg. Og lys. I eit dikt i TIDSLYS snakkar eg om «gjerdesmett-tid» og «hegre-tålmod». Sigmund Mjelve sette «ugletid» opp mot «klokketid».
Eg tenkjer at heller ikkje dette er anten/eller, men at det uendelege omsluttar begge tidstypane, alle tidstypar vert omfamna av eit enormt tidomgrep som ingen kan fatte eller definera. Og det er derifrå tidslyset kjem; frå det store, altomfattande tidsromslyset som både er nå og uendeleg.
«På botnen av varje ord är magi» skriv Ekelöf. Og på botnen av ordet tid finst det lys.
Helge
22. januar 2018
Foto: Morten Brun, Lillesand 1982
0 notes
Text
Tidslys
Det er ingen løyndom at eg har skrive mykje om lys, lyset over Jærlandskapet, lyset me treng i liva våre, lyset som lyser opp eit andlet og som skapar lange skuggar som ser ut som opne graver.
Det har avspegla seg i boktitlar som «Til dine auge», «Lyssmeden». «Nattlys» og «I vatn, i lys». Men tida, omgrepet tid og fenomenet at tida går, dimensjonen tid, skilnaden mellom den målte klokke og kalendertida og den opplevde, umålbare tida, dette har òg vore sterkt til stade i dikta mine. Noko som igjen avspeglar seg i titlar som «Taxameter og puls», «På terskelen til morgonhuset» og «Mennesketimar».
I tittelen TIDSLYS har eg samla desse to tema i eitt fortetta nyord. Då eg hadde mynta dette ordet, googla eg det, og smilte godt då det viste seg at det einaste treffet på ‘tidslys’ var ein historie av Don Rosa der Magica von Tryll dreg attende til då Skrue McDuck tente sin første mynt, den såkalla lykketiøringen. Magica brukte eit tidslys for å gå tilbake i tid for å få tak i skillingen før Skrue får han.
Dette skjer i 1877. Det står òg at Don Rosa mellom anna var inspirert av Sophia Loren då han skapte Magica von Tryll.
I desse dikta vender eg attende til ein heilt grunnleggjande temakrins som alltid har vore der, og kanskje tydelegare i mine tidlegaste samlingar; lyset som fell, tida som går, stundene av nærleik til det som er kring meg, det alltid nærverande alvoret, det sårbare og forgjengelege. Men aldri å forgløyma; også dei små lykketreff, når lys og tid er slik at eg smiler; «Her er det godt å vera.»
Helge
14. januar 2018 Foto: Morten Brun, Stockholm 1982
0 notes
Text
Bak titteldiktet
Bak titteldiktet i denne samlinga ligg ei heilt konkret oppleving.
Utgangspunktet er, nett som i det lange diktet i Alt brenner som hadde tittelen «Verdsbiblioteket» eit gammalt bibliotekrom, og også denne gongen er det i eit gammalt hus i England, men ikkje i Yorkshire. Me skal til den fantastisk vakre landsbyen Amberley i Sussex, i eit område som er prega av dei såkalla South Downs, mjukt kurva åsar med frodig dyr- og planteliv. I likskap med The North Yorkshire Moors er The South Down nå ein nasjonalpark. Det er den nyaste nasjonalparken i England.
Svært populært blant britiske vandrarar.
I sjølve landsbyen er det uvanleg mange freda gamle hus med ståtekte tak. Det er ein visuell fryd bare å vandre rundt å sjå på dei vakre bygningane og hagane som høyrer til. Delar av diktet er inspirert av desse gamle husa, det å ta på gamle tjukke tømmerveggar og sjå på dei smale vegane som snor seg mellom hus og hagar, keramikkverkstad og landhandelen der innehavar Colin står smilande med sin milde pondus utanfor.
Titteldiktet byrjar derimot i ein bygning som ligg utanfor sjølve landsbyen, like bak kyrkja med flintveggar og med den klassiske engelske landsbykyrkjegarden med store tre og skeive gravstøtter. Inne i vidunderlege Amberley Castle, som i dag er luksushotell og har ein eminent restaurant, finst det eit bibliotekrom med stor peis. Der sat eg då dette diktet byrja røra seg i meg; lyset utanfrå trefte ein skulptur av ein elefant på bordet der dagens aviser var lagt ut. Og dette lyset som strøymer inn frå samtida og dane utanfor, gjennom desse eldgamle vindaugo og lyser opp rustningar, bokryggar, sverd og skulpturar, det fekk meg til å tenkja på tida og lyset. Korleis lyset har falle inn gjennom desse vindaugo så mange dagar og år. Her vart først oppført bygg i 1103 av ein biskop med det velklingande namnet Ralph de Luffa, men det var først i 1140 at det vart bygd om av stein. Slottet slik det står nå, er i hovudsak bygd av den 15. Duke of Norfolk i 1893. Det er storslegne bygningar med mur og tårn og ein fantastisk park med andedammar og ulike vakre tre. Eg elskar å vandre rundt der, snakke med gartnaren som sjølv skriv dikt, og kanskje få eit glimt av albinopåfuglen Bob.
Lyset som fell innover romma inne i det gamle slottet, gav tittelen ‘tidslys’ til diktet, og det vart etter kvart den omfamnande tittelen for heile samlinga.
Helge 8. januar 2018 Foto Morten Brun
0 notes
Text
Ei felles livsoppleving
Dikta i TIDSLYS har stort sett ei felles ramme og ei felles livsoppleving, og dei har stort sett vorte til i løpet av mine morgonskrivestunder på Jæren eller i Yorkshire. Dei er som oftast meditative, ein kunne seia at dei er prega av mindfulness, og dei spring ut av dei aktuelle konkrete situasjonane, at eg ser natta svinna og morgonlyset koma, at eg har observerer det synlege og lydane eg høyrer, har kontakt med kjenslene og tankane dette vekkjer, og prøver å setja desse inn i dikta så presist som mogleg.
Men prologen og epilogen skil seg frå denne typen dikt. Prologen «Portane opnar seg» er eit dikt skrive med tanke på markeringa av 80-årsdagen til biletkunstnaren Kjell Pahr-Iversen. Diktet, som er i fire delar, prøver å fanga inn korleis kunsten hans har verka på meg og veva dette saman med ting han har sagt i løpet av våre mange samtalar. Ei umogeleg oppgåve, som eg til mi store forundring opplevde at eg lykkast med. Då eg las diktet opp for 600 feststemte menneske i Stavanger konserthus, på sjølve fødselsdagen hans, var eg glad for å merka at diktet har fanga inn noko som folk fattar og får ei oppleving av, på eit eller anna vis.
Epilogen er eit av desse dikta som ein ikkje anar kvar kjem frå. Først i ettertid såg at det har ganske mykje med stemninga i mange av Pahr-Iversen sine måleri å gjera, og difor høver ekstra godt som avslutning i ei bok, der diktet om hans kunst opnar boka. For diktet er eit dikt til fortrøysting, nett slik han ønskjer at kunsten hans skal vera. Eg skreiv «Alt er tilbakebetalt» og eg trudde ikkje mine eigne augo. Det gjer eg framleis ikkje. Men diktet står der, og det står godt på eigne bein, som eit døme på kva kunst og dikting kan gjera og gje. Då eg las det opp i Ogna kyrkje under ein kveld eg hadde der saman med Ole Paus, kom folk bort etterpå og var rørte og forundra og takka for nettopp dette diktet, som om dei opplevde det som spesielt godt å lytta til. Der og då kjentest det ut som ein god nok grunn for at det hadde vorte til, gjennom meg. Eg veit ikkje anna å gjera, enn å takka sjølv.
Helge foto: Morten Brun 1982
0 notes